Informasjon om parkering i Hareid kommune

Parkeringssone & Betalingsparkering

Det er parkeringssone i Hareid sentrum. Det vil seie at ein kan berre parkere på skilta parkeringsplassar innanfor soneskilta. Soneskilta er satt opp ved alle innkøyringane til sentrum, og det står skilt ved desse vegane: Hareidsvegen (ovanfor tunnelen), Strandgata (ved Raffelneset og Øyehol Brygge), Soffibakken (ved Hareidsbrua), Isakdalen (ved Ekornes), Brekkane, Kvisla (ved Hadartun), Hjellebakken, Pålhaugen, Køyrevegen og ved Fergekaia.

P-plassane i Hareid er anten gratis og tidsavgrensa, eller så er det parkering mot avgift/betaling. Parkeringssona gjeld måndag – laurdag kl. 08-17, medan områda med betalingsparkering gjeld heile døgnet alle dagar.

P-plassane i områda rundt ferge- og hurtigbåtkaia er organiserte med betalingsparkering. Det same gjeld for parkering på Bankplassen. Parkering rundt butikkar og andre forretningar er gratis og tidsavgrensa to timar.

På begge side av hurtigbåtterminalen er det nokre p-plassar som er meint for dei som skal hente eller sette av folk. Desse er gratis og ein kan parkere på desse plassane inntil 30 min.

P-plassane i Hareid sentrum er oppmerka med kvite striper, og kjøretøyet må plasserast innanfor desse stripene.

P-plassar for pendlarar med parkeringsbevis (årskort/halvårskort)

På Hareid er det to p-plassar for dei med gyldig årskort. (førehandskjøpt parkering) Begge desse p-plassane er merka med eigne skilt. P-plassane for årskort/parkeringsavtale er:

  • P16 ved ytre småbåthamn

  • P2 ved ferjekaia

Parkering for forflytningshemma

Fleire stader i sentrum er det eigne p-plassar for forflytningshemma. Desse er det forbod mot å bruke for andre enn dei som har gyldig bevis. Med gyldig bevis kan ein parkere gratis på offentleg skilta p-plassar. Husk at beviset må ligge synleg i bilen bak frontruta. Parkering på reservert plass for forflytningshemma utan gyldig bevis kan føre til gebyr på kr 990,-

EL-bil / Ladbar motorvogn

Frå 01.01.17 er det ikkje lengre betalingsfritak for elektriske bilar. Dette betyr at EL-bil må betale avgift på same måte som vanlege bensin/diesel bilar på dei p-område på Hareid som har avgiftsparkering. (dvs. ved hurtigbåtterminalen, ferjekaia og Bankplassen)

Det er fleire ladestasjonar i Hareid sentrum. Ved hurtigbåtterminalen er det 6 plassar for ladbare køyretøy. Pris for bruk av desse ladestasjonane er kr 3 per kW i tillegg til vanlig parkeringsavgift. For å ta ladestasjonane i bruk må ein bruke kode 27090 i EasyPark appen. (Omkostningar til EasyPark kjem i tillegg) Det er også ladestasjonar på Rådhusplassen og på parkeringsområdet bak Kjøpmannsgata. Her er parkeringa gratis og tidsavgrensa. Betaling for lading er via EasyPark appen. (info om pris og takstnummer finn ein i appen) Ladestasjonane yter inntil 22kW og ein må ha med eigen ladekabel for å bruke desse.

Gratis parkering

Det er mange områder og gater med gratis p-plassar i Hareid sentrum. Til døme er alle p-plassane rundt butikkar og forretningar gratis og tidsavgrensa to tima mellom kl. 08-17 måndag – laurdag.

Prisar for parkering på betalingsområda

Pris for betalingsområda i Hareid sentrum.

  • Timesats kr 20,-

  • Maks rate per dag kr 136,- (ein får automatisk døgnpris ved 7 timar eller meir)

  • Langtidsparkering per veke kr 440,- (frå 4 til 7 dagar) (kr 62 per døgn utover ei veke)

  • Pris for langtidsparkering gjeld ved kjøp gjennom hapark.no eller EasyPark app                                                                     

Merk fylgjande:

  • Ved betaling gjennom EasyPark sin app på mobiltelefon kjem omkostningar til EasyPark i tillegg.

  • Vekespris kr 440,- er ikkje mogleg å oppnå ved kjøp direkte på automat, berre ved kjøp på førehand gjennom hapark.no eller via EasyPark app.

  • Ved parkering 4 dagar eller meir vil det løne seg å kjøpe vekeskort på førehand framføre å betale direkte på automat.

Hapark tilbyr parkeringsbevis til pendlarar, med moglegheit til å kjøpe plass på eit fast p-område for 6 eller 12 månader. Pris frå kr 2555,-  Meir om dette her: http://hapark.no/langtidsparkering/  

Klikk på denne linken for å sjå kart over områda for betalingsparkering og områda for årskort/halvårskort http://hapark.no/avgiftsoner/

Betalingsautomatar, EasyPark og bestilling via nettsida

Det er to betalingsautomatar på Hareid. Desse tar kort eller mynt. Dei er plasserte på p-områda ved hurtigbåten og ferjekaia.

Ved bruk av kort så har automatane ein funksjon som gjer at det er mogleg å avbryte betalinga. Dette kan nyttast viss ein er tilbake tidligare enn det tidspunktet ein har betalt for. Da må same betalingskort settast inn i automaten på nytt for å avbryte betalinga, og ein får ut ei kvittering for faktisk belastning.

Om ein til dømes har eit ærend i Ålesund og er usikre på når ein er tilbake anbefale Hapark å legge inn antatt parkeringstid med margin om ein trur ein vert lenger, og heller avbryte betalinga viss ein er tidligare tilbake. Alternativet er å bruke EasyPark. Der har ein alltid moglegheit til å korte ned eller forlenge parkeringstida via mobiltelefonen.

For dei som ynskjer å bruke EasyPark appen og betale via mobiltelefon så er takstsone for Hareid 7250 (lik for alle p-plassane som har betalingsparkering) Merk at det kjem omkostningar ved bruk av EasyPark appen i tillegg til prisen. EasyPark har også ein kostnadsnøytral sms-løysning som kan brukast inntil eit døgn. (transaksjonsavgift 3%, minimum kr 2) Denne fungerar på følgjande måte:

  1. Send takstgruppe 7250 og registreringsnummer til 2410. Til døme: 7250 ab12345 (hugs mellomrom)

  2. Vent på kvitteringsmelding - les denne

  3. For å avslutte, sent stopp til 2410 eller ring 03456

Sjå meir info om EasyPark her:  https://easypark.no/

På nettsida kan ein også kjøpe parkeringsbevis for minimum 1 dag og maksimum 28 dagar om gangen. Betaling med kort. Parkeringsbeviset kjem automatisk til oppgitt epost adresse og denne må skrivast ut og leggast synleg i bilen. Ved parkering 4 dagar eller meir vil det løne seg å kjøpe p-bevis på førehand framføre å betale direkte på automat. Link til bestilling av p-bevis er: http://hapark.no/langtidsparkering/

Motorsyklar, moped og ATV

Same reglar gjeld for desse som for bilar. Det er ingen eigne p-plassar for motorsyklar på Hareid, men det fritek ikkje førarane for å parkere utanfor skilta og oppmerka felt i sentrum, og det må betalast avgift ved parkering på områda som har betalingsparkering.

Bankplassen

Det er betalingsparkering på Bankplassen med unntak av to gratis plassar for kundar til Sparebanken Møre. Desse er tidsavgrensa til 30 minutt, og ligg nærast banken ned mot hovudvegen.

P-plassane på den rekka som ligg nærast leikeplassen/Åsendalen er private plassar som er reservert berre for tilsette og besøkjande til Strandgata 72. Desse plassane er merka med eigne skilt.

Rådhusplassen

P-plassen på Rådhusplassen er to-delt. Område som ligg nærast hovudinngangen til Rådhuset er gratis for alle, og tidsavgrensa til 2 timar mellom kl. 08-17 måndag – laurdag. Her er også eigne plassar for ladbare køyretøy med ladestasjon.

Det området som ligg nærast leikeplassen er reservert berre for tilsette og brukarar av Rådhuset med gyldig parkeringsbevis. Dette gjeld for kvardagar mellom kl. 07-17.

Hapark ber alle om å vere merksam på skiltinga så ein parkera på rett område.

Ny parkeringsforskrift frå 01.01.17

Frå 01.01.17 er ei ny nasjonal parkeringsforskrift gjeldande og det inneber mellom anna ei auke av satsane for feilparkering. For feilparkering i strid med stanse- og parkeringsforboda etter skiltforskriften eller trafikkreglane vil ein risikere å bli ilagt eit parkeringsgebyr på kroner 900. For brudd på andre vilkår etter ny parkeringsforskrift kan ein risikere kontrollsanksjon på kr 660. Til dømes manglande betaling, parkerer lengre enn tillat makstid, parkerer på reservert plass,  eller parkerer utanfor oppmerkinga. Parkerer ein på reservert plass for forflytningshemmede utan gyldig bevis vil ein risikere ein kontrollsanksjon på kroner 990.

INFORMASJONSSKILT - jf. parkeringsforskriften av 18.03.16 nr. 260. (Tekst er utarbeida av Norpark)

Førers plikter:
1. Parkering må skje i tråd med oppmerking/skilting (§ 24, 1.ledd).  2. På avgiftsplasser må betaling skje umiddelbart etter parkering (§ 31, 2.ledd), se vilkår ved betalingsautomat. Eventuell billett må plasseres godt synlig bak frontruten. Har motorvognen ikke frontrute, plasseres billetten på et annet godt synlig sted (§ 31, 2. ledd). Det samme gjelder dersom det er stilt krav om billett fra automat som angir tidspunkt for når gratisparkering utløper (§24, 3.ledd). 3. Ved parkering på reservert plass må gyldig p-tillatelse plasseres som nevnt i pkt. 2. Dette gjelder også plasser reservert for forflytningshemmede med kommunal p-tillatelse. 4. På områder med tidsbegrenset p-tid og krav om bruk av parkeringsskive skal fører umiddelbart etter at motorvognen er parkert stille viseren på parkeringsskiven på det tidspunkt motorvognen ble parkert, eller på tidspunktet når reguleringstiden igjen starter dersom motorvognen parkeres utenfor regulert tid (§ 24, 2.ledd).

Sanksjoner ved brudd på førers plikter:
Ved parkering i strid med forskriftens bestemmelser utstedes normalt en kontrollsanksjon på kr 660. For overtredelse av vilkårene for parkering på plasser reservert for forflytningshemmede er kontrollsanksjonen kr 990. Dersom det ikke trekkes billett for tidsbegrenset gratisparkering, eller det parkeres uberettiget på plasser reservert kunde, besøkende eller gjest, er kontrollsanksjonen kr 330
(§ 36). Feilparkerte kjøretøy kan om nødvendig fjernes for eier/førers regning (§ 38). Spørsmål vedrørende kontrollsanksjoner og fjerning av motorvogn kan rettes til virksomheten.

Klage: Utstedt kontrollsanksjon eller påførte kostnader ved fjerning kan påklages til virksomheten innen 3 uker fra ilagt dato (§ 44). Klageskjema finnes på http://hapark.no/klage/

Får du avslag på denne klagen og ønsker å klage videre er det to forskjellige spor. 1) Ilagt parkeringsgebyr av en kommune eller politiet skal eventuelt behandles av tingretten. (Kommunen eller politiet vil sende saken til retten dersom du krever det) 2) Ilagt kontrollsanksjon skal eventuelt behandles av Parkeringsklagenemnda. Se eventuelt mer informasjon på: www.parkeringsklagenemnda.no

Kontaktinformasjon Hapark:

Hareid Parkeringsselskap AS, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid, Tlf: 900 93 975 (mandag – fredag 08-16) - Org.nr 912175065. Besøksadresse er Rådhusplassen 6, merk at ein må avtale kontorbesøk på førehand.

 
 

HAPARK skal legge til rette for opparbeiding og drift av parkeringsareal og handheve dei til ein kvar tid gjeldande parkeringsreglane i Hareid kommune, og trafikkreglane sine bestemmingar om parkering og stans.

Selskapet er til for trafikkantane og arbeidar for betre parkeringstilhøve i Hareid sentrum.

 
Hapark_bilde_03_utsikt.jpg
 

Hareid parkeringsselskap AS har vedtektsfesta formål om å utøve Hareid kommune sin parkeringspolitikk slik den er fastsett av Hareid kommune. Selskapet skal etablere, forvalte og drive offentleg parkering, handheving av skilta regulering og trafikkreglane sine bestemmingar om parkering og stans i Hareid kommune. Selskapet kan yte tenester til andre selskap innan tenesteområdet.

HAPARK skal legge til rette for opparbeiding og drift av parkeringsareal og handheve dei til ein kvar tid gjeldande parkeringsreglane i Hareid kommune.

Hareid parkeringsselskap er medlem av bransjeforeininga NORPARK.

Formannskapet i Hareid kommune er generalforsamling for Hareid parkeringsselskap AS, og har sett ned eit styre med denne samansetninga:

Oskar Grimstad
Styreleiar

Leidulv Hareide
Styremedlem

Wenche Johanne Holstad Jøsok
Styremedlem


SpareBank 1 Regnskapshuset SMN AS6060 Hareid
Regnskapsførar

 

 
 
 

NORPARK

Hapark er medlem av Norges parkeringsforeining NORPARK

FORSKRIFTER

På Norpark sine nettsider kan ein også finne mykje nyttig informasjon om parkering og rettigheter.

 
Parkering Hareid